CRUISE ORF STARD

Spelrunde 6!

Dei slår camp i skogen ved utgangsporten frå bygrensene til Barovia, i ly frå vegen og regnet. På natta blir dei vekt av lydar frå porten – det er eit ridande skjelett på ein rotnande hest. Reinert kan ikkje late noko slikt få fare uhemma, og angrip med all si makt. Med hjelp frå dei andre klarar han å ta knekken på den.

Dei søv natta gjennom, og set igang igjen. Langs vegen finn dei levningane av ei lita familie – ein mann og eit barn – opprivne i magen av skarpe klør. Litt seinare finn dei det som verkar å vere opphavet – ein speidande ulveflokk, som dei klarar å ta knekken på.

Etter meir vandring kjem dei til slutt til Vallaki, der dei får tilgang inn av vaktene – den litt merkelege samansetninga av folk, til trass. Det er natt, så dei tek inn på eit vertshus. Når dei andre fell til ro, snik Kazakh og Hamish seg ut for å snoke på markedet like bortanfor. Dei klarar å snike til seg nokre våpen, og fattar fort interessa for ei vogn litt bortanfor dei andre.

Med rett verktøy klarar dei å få opp døra, men blir LITT overraska idet eit gigantisk kattedyr med store hoggtenner viser seg i døropninga!

Comments

tanketom

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.