CRUISE ORF STARD

Spelrunde 4!

– Er det ein grunn til at vi ikkje kan gå inn i stova?

Etter å ha bekjempa avviket i kjellaren til Durst er våre heltar slitne og trøytte. Dei finn den lokale tavernaen Blood of the Vine, og ynskjer å få eit rom for natta – men mannen bak baren verkar skeptisk. Ein gjest ved bordet trekker dei til seg, og inviterer dei med heim til han.

Han er Ismark Kolyavich, sonen til borgermeisteren Kolya Indirovich, mannen som sendte brevet som kalte dykk hit – som det viser seg at er død (av tilsynelatande naturlege årsaker).

Ismark har eit problem, systera Ireena Kolyava har fanga grev Strahds merksemd, og han prøver med all si makt å få omgjort ho til ein vampyr. Ho er blitt biten to gongar, men har – ved hjelp av å halde seg innandørs på nattestid – klart å halde seg unna å bli fanga. Men ulvar og andre prøver stadig å ta seg inn i huset, så Ismark ynskjer å eskortere Ireena til Vallaki – som er lengre unna Ramnloft-slottet, og betre forsvart enn vesle Barovia.

Ho ynskjer ikkje å dra noko stad før faren hennar er begravd, noko resten av Barovia ikkje tør hjelpe til med etter at ho er blitt biten, og i frykt for Strahds hemn. Våre heltar overnatter i det nedslitte herskapshuset, og hjelper dei med begravinga dagen etter – i den lokale kyrkja til Morgonherren.

Men presten Donavich har sine eigne problem. Ein magikar kom til landet for omlag eitt år sidan og oppvigla folket mot Strahd. Vampyren gjorde kort prosess, og drap Donavich' son Doru – som seinare kom att som vampyr. No er han fastbunden i kjellaren, og er særs svolten. Gruppa gjer kort prosess med Doru, og let Donavich vere att med sin drepte son i kjellaren.

Etter ein tur på den lokale handelen går dei ut, der dei ser ei gammal dame gå rundt med ei vogn med små paiar som ho selgjer. Blant mange lukka dører møter ho på éi som vert opna – og ein ung gut tek imot ein pai før han sporenstreks vert lagt i sekken ho går rundt med. Foreldra ber innstendig om at han får sleppe fri. Når ho blir konfrontert av heltane våre, foffar ho vekk.

Heltane er snart klare til å starte eskorteringa av Ireena mot Vallaki.

Comments

tanketom

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.