CRUISE ORF STARD

Spelrunde 2

– vi VISSTE jo at dei var spøkelser!

Då gruppa ankjem Barovia får dei auge på to born – Rose og Torn – som står utanfor eit gammalt rekkehus. Dei klagar over eit monster i kjellaren, og seier at veslebror deira er i tredje etasje. Eventyrarane finn raskt ut at dei to borna er spøkelser, men går etter kvart inn i huset.

Der finn dei ein luksuriøs heim, overraskande folketom til kor nyleg brukt det ser ut. Troférom, spisestove og kjøkken. I andre etasje vert ting stadig litt meir skummelt, før dei i tredje etasje møter på ein levande rustning, og spøkelset av det som seinare visar seg å vere ei barnepike.

Gjennom ei skjult dør i tredje etasje finn dei loftet, som leier dei opp til ei rekkje soverom, eit lagerrom med kroppen til barnepika liggande i ei kiste, og barnerommet der Rose og Torn ein gong vart sperra inne før dei døydde. Dei fortel nokre av husets hemmelegheiter, men nekter å forlate rommet.

Frå eit dukkehus, ein perfekt replika av huset dei er i, finn Frirhan ein hemmeleg gang ingen har sett enno – som leier frå tredje etasje og ned til kjellaren. Dei plasserar skjeletta av borna i sengene sine – ingenting skjer – før dei vurderer korleis ein kan begrave borna.

Comments

tanketom

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.