CRUISE ORF STARD

Spelrunde 3!

– Drep meg! Drep meg!

Etter å ha funne ein hemmeleg gang ned i kjellaren kjem våre heltar til ein vått og muggen jordkjellar. Frå ein eller anna stad høyrest messande stemmer.

Dei utforskar området meir, og finn Durst-familiens krypt. To tomme krypter står for seg, familiens overhovud – Gustav og Elizabeth Durst – sine graver får stå i fred. Dei to borna – Rose of Torn – blir returnert til sine rettmessige gravplasser.

Dei utforskar nærare, og høyrer stadig stemmene blir høgare. I eit soverom med ein brønn plukkar heltane med seg ein lysande stein. Dei hastar seg lengre ned i kjellaren – og kjem til slutt til eit rituelt rom, fylt med ulike gjenstandar av lugubert opphav.

I eit indre alterrom, tydeleg nytta til å tilkalle mørke krefter finn dei opphavet til den stadige messinga. "HAN ER DEN GAMLE. HAN ER LANDET. HAN ER DEN GAMLE. HAN ER LANDET". Ishilde gjer alt vatn i rommet om til is. Då Hamish set ein fot på alteret, våknar det som før kunne minne om ein haug med rotne greiner til live. "EIN MÅ DØY, EIN MÅ DØY, EIN MÅ DØY" held stemmene fram.

Dei gjer sitt beste for å bekjempe monsteret, og tek sakte, men sikkert litt og litt liv frå det medan det gnafsar laus på kven enn det får tak i. Med litt taktisk plassering får dei slått ned kuppelen over alteret på anomalien, som drep den. Stemmene blir borte.

Vegen ut av huset blir forholdsvis kort, ved hjelp av dukkehuset finn dei ein alternativ veg ut av kjellaren – forbi ein trugande statue av vampyren Strahd. Dei kjem til overflata, der Arvid ventar litt forskrekka.

Comments

tanketom

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.