Då gruppa ankjem Barovia får dei auge på to born – Rose og Torn – som står utanfor eit gammalt rekkehus. Dei klagar over eit monster i kjellaren, og seier at veslebror deira er i tredje etasje. Eventyrarane finn raskt ut at dei to borna er spøkelser, men går etter kvart inn i huset.
Der finn dei ein luksuriøs heim, overraskande folketom til kor nyleg brukt det ser ut. Troférom, spisestove og kjøkken. I andre etasje vert ting stadig litt meir skummelt, før dei i tredje etasje møter på ein levande rustning, og spøkelset av det som seinare visar seg å vere ei barnepike.
Gjennom ei skjult dør i tredje etasje finn dei loftet, som leier dei opp til ei rekkje soverom, eit lagerrom med kroppen til barnepika liggande i ei kiste, og barnerommet der Rose og Torn ein gong vart sperra inne før dei døydde. Dei fortel nokre av husets hemmelegheiter, men nekter å forlate rommet.
Frå eit dukkehus, ein perfekt replika av huset dei er i, finn Frirhan ein hemmeleg gang ingen har sett enno – som leier frå tredje etasje og ned til kjellaren. Dei plasserar skjeletta av borna i sengene sine – ingenting skjer – før dei vurderer korleis ein kan begrave borna.
Comments