CRUISE ORF STARD

Runde 7

– ALT SKAL BLI BRA

Den gigantiske tigeren, kledd i rustning, får ferten av noko, og strener vekk frå Hamish og Kazakh mot retninga dei kom frå. Dei benyttar sjansen til å rote meir rundt i karnevalsvogna.

Ved Blåvann Vertshus dukkar tigeren opp, og har tydeleg lukta på noko. Reinert brukar magi for å snakke med beistet, medan Kazakh og Ishilde passar på Ireena. Tigeren hevder han er på jakt etter «svartauger». Etter litt overtaling bestemmer tigeren seg for at det kanskje ikkje er riktig dag å jakte på.

I vogna finn dei ulike ting, blant anna ei salmebok, men blir tvunge til å legge det tilbake då ein mann står på taket av vogna som tydeleg har kommandoen over tigeren som plutseleg er attende. Dei får gå, og ein forgifta Kazakh får med seg ein særs blank kniv han fann i senga.

Natta kjem, og Kazakh dreg til Vallakis kyrkje, der han treff Fader Lucian. Han gøymer dolken der, og tek den med seg tilbake dagen etter. Når alle har stått opp viser det seg at Frirhan har stukke av tidleg, og lagt att ein beskjed om at han «vil finne hjelp».

Til frukost gir Hamish den gamle klubba si til vertshuseigaren Urwin Martikov sin son – Brom. Dei legg merke til at det er mange ulvehovud på veggen. Dei finn seinare ut at karnevalvognseigaren heiter Rictavio, og at han har dratt frå byen innan dei finn han igjen.

Eventyrarane treff borgermeister Vargas Vallakovich, ein mann med «Alt skal bli bra!» som sitt ordspråk. Han feirar festivalar kvar veke for å halde «djevelen Strahd» på avstand. Dei får tid til å bruke biblioteket hans, og finn informasjon om Barovias historie, og Strahd sjølv. Dei finn også ut at han i det siste har teke ein mann ved namn Udo Lukovich til fange for å vere ein oppviglar.

Martikov trekk eventyrarane til side og seier han har noko dei har lyst på, og at han vil gi det til dei om dei kan sjekke kvifor Trollmannens Vineri ikkje har levert vin den siste veka – vin er viktig for Vallaki, og etter litt overtaling fortel han at det er faren Davian Martikov som driver vingarden. Dei blir forespegla ein halv dags reise.

Langs vegen blir dei overraska over fleire gåande nåletrær, denne gongen støtta av ein skitten magikar – som traskar på alle fire. Kampen foregår, poengtert av ein Fog Cloud og ein Thunder Wave, til magikaren prøver å stikke av – men blir til slutt drepen.

Dei har omtrent halve turen til Trollmannens Vineri igjen.

Comments

tanketom

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.