CRUISE ORF STARD

Spelrunde 1!
– eit brev frå ein ukjend stad.

Etter å ha teke knekken på koboldane i Secomber inviterar Baronesse Marwen av Dolkesund gruppa til eit måltid, og gir dei samtidig eit oppdrag:

Eit brev frå borgarmeisteren i grevskapet Barovia, Kolyan Indirovich, seier at kona hans, Ireena, har komt ut for ein forferdeleg sjukdom. Baronessa seier at hoffet finn referansar til Barovia i eldgamle arkiv, og at dei er skuldfolk til grevskapet – men at ingen har høyrd om det på århundre. Gruppa blir difor sendt ut for å undersøkje kva «greia» med landområdet er, og for mogleg å finne ei løysing på problemet.

Medan dei andre mottok oppdrag og supper, går Kazakh på «toalettet», der han klatrar ut vindauget, opp borgveggen og inn på eit soverom der han stel ein liten statue som han klarar å få med seg. På ein byrunde etterpå selgjer Haywood statuen for han, for ein kjapp og hendig sum.

Gruppa handlar og førebur seg, og rir fleire timar inn i den tåkelagde skogen mot vest. På vegen framfor seg ser dei ein liggande skikkelse. Det viser seg å vere ein daud bodbringar, som held eit liknande brev som det figurane har – dog med ein anna beskjed: borgarmeisteren ynskjer hjelp til å gjere noko med vampyren som har bitt dottera hans!

Tre ulvar trer ut frå tåka, observert av ein større ulv med raudglødande auger. Gruppa tek seg av ulvane, men den store ulven står imot magi og angrep, og trugar dei før han blir borte i eit tåkeblaff. Etter å ha begravd bodbringaren, går dei vidare – gjennom porten til grevedømmet, før dei etter kvart ser eit mørkt Barovia over ein bakketopp.

View

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.