CRUISE ORF STARD

Spelrunde 5!

Etter å ha både kjøpt og "kjøpt" litt varer startar våre heltar reisa mot Vallaki, med Ireena og Ismark på slep. I skogen møter dei mange skumle farer, deriblant noko som kun kan beskrivast som gåande tre som tydeleg er på veg mot noko, samt ein hengt mann i eit vegkryss som Frirhan er viss på at liknar på han sjølv.

Dei kjem etter kvart til ein vistani-camp, der folk stadig pushar dei mot Madame Eva, som spår framtida deira. Ho fortel dei om ulike artefaktar ulike stader i Barovia som kan hjelpe, og at ein mann ved namn Arrigal skal forsake sin herre og hjelpe dei mot Strahd.

Heltane snakkar også med Artazh, som lovar at han kan skaffe dei saker og ting – mot god betaling – og musikaren Bajazh.

Etter å ha takka for seg, farer eventyrarane vidare langs Tser-elva, og kjem etter kvart til ei gamal steinbru. Dei kjem seg forsiktig over, men ikkje før dei får med seg nokon i buskene i vegkanten på sida dei kom frå. Før dei fattar noko meir er skikkelsen vekke igjen.

Dei held fram til dei kjem til eit vegkryss der ei svart vogn står i retning Ramnloft-slottet. Kazakh traskar ombord, og vogna set av garde oppover fjellvegen – men Reinert klarar til slutt å overbevise han om å hoppe ut før den held fram vidare.

View
Spelrunde 6!

Dei slår camp i skogen ved utgangsporten frå bygrensene til Barovia, i ly frå vegen og regnet. På natta blir dei vekt av lydar frå porten – det er eit ridande skjelett på ein rotnande hest. Reinert kan ikkje late noko slikt få fare uhemma, og angrip med all si makt. Med hjelp frå dei andre klarar han å ta knekken på den.

Dei søv natta gjennom, og set igang igjen. Langs vegen finn dei levningane av ei lita familie – ein mann og eit barn – opprivne i magen av skarpe klør. Litt seinare finn dei det som verkar å vere opphavet – ein speidande ulveflokk, som dei klarar å ta knekken på.

Etter meir vandring kjem dei til slutt til Vallaki, der dei får tilgang inn av vaktene – den litt merkelege samansetninga av folk, til trass. Det er natt, så dei tek inn på eit vertshus. Når dei andre fell til ro, snik Kazakh og Hamish seg ut for å snoke på markedet like bortanfor. Dei klarar å snike til seg nokre våpen, og fattar fort interessa for ei vogn litt bortanfor dei andre.

Med rett verktøy klarar dei å få opp døra, men blir LITT overraska idet eit gigantisk kattedyr med store hoggtenner viser seg i døropninga!

View
Runde 7
– ALT SKAL BLI BRA

Den gigantiske tigeren, kledd i rustning, får ferten av noko, og strener vekk frå Hamish og Kazakh mot retninga dei kom frå. Dei benyttar sjansen til å rote meir rundt i karnevalsvogna.

Ved Blåvann Vertshus dukkar tigeren opp, og har tydeleg lukta på noko. Reinert brukar magi for å snakke med beistet, medan Kazakh og Ishilde passar på Ireena. Tigeren hevder han er på jakt etter «svartauger». Etter litt overtaling bestemmer tigeren seg for at det kanskje ikkje er riktig dag å jakte på.

I vogna finn dei ulike ting, blant anna ei salmebok, men blir tvunge til å legge det tilbake då ein mann står på taket av vogna som tydeleg har kommandoen over tigeren som plutseleg er attende. Dei får gå, og ein forgifta Kazakh får med seg ein særs blank kniv han fann i senga.

Natta kjem, og Kazakh dreg til Vallakis kyrkje, der han treff Fader Lucian. Han gøymer dolken der, og tek den med seg tilbake dagen etter. Når alle har stått opp viser det seg at Frirhan har stukke av tidleg, og lagt att ein beskjed om at han «vil finne hjelp».

Til frukost gir Hamish den gamle klubba si til vertshuseigaren Urwin Martikov sin son – Brom. Dei legg merke til at det er mange ulvehovud på veggen. Dei finn seinare ut at karnevalvognseigaren heiter Rictavio, og at han har dratt frå byen innan dei finn han igjen.

Eventyrarane treff borgermeister Vargas Vallakovich, ein mann med «Alt skal bli bra!» som sitt ordspråk. Han feirar festivalar kvar veke for å halde «djevelen Strahd» på avstand. Dei får tid til å bruke biblioteket hans, og finn informasjon om Barovias historie, og Strahd sjølv. Dei finn også ut at han i det siste har teke ein mann ved namn Udo Lukovich til fange for å vere ein oppviglar.

Martikov trekk eventyrarane til side og seier han har noko dei har lyst på, og at han vil gi det til dei om dei kan sjekke kvifor Trollmannens Vineri ikkje har levert vin den siste veka – vin er viktig for Vallaki, og etter litt overtaling fortel han at det er faren Davian Martikov som driver vingarden. Dei blir forespegla ein halv dags reise.

Langs vegen blir dei overraska over fleire gåande nåletrær, denne gongen støtta av ein skitten magikar – som traskar på alle fire. Kampen foregår, poengtert av ein Fog Cloud og ein Thunder Wave, til magikaren prøver å stikke av – men blir til slutt drepen.

Dei har omtrent halve turen til Trollmannens Vineri igjen.

View

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.